Norsk Tipping opnar kasino

Norsk Tipping opnar kasino

SPEL: (NPK-NTB): Norsk Tipping lanserer neste år det første virtuelle kasinoet på norsk jord. Selskapet reknar med at casinoet og andre nye spel vil gi ei avkasting på opptil 300 millionar kroner i året.

Norsk Tipping skal satse på fleire nye underhaldningsspel, og gamle spel skal fornyast. Dersom Kulturdepartementet gir grønt lys, skal selskapet lansere nettvariantar av bingo, skrape- og kasinospel. Kasinoet kjem ikkje til å inkludere poker, men vil innehalde både rulett og blackjack, skriv Aftenposten.

– Vi står ved eit vegskilje, seier administrerande direktør Torbjørn Almlid i Norsk Tipping.

Han seier selskapet har gjort eit nøkternt anslag som viser at dei nye spela kan gi netto inntekter på 200– 300 millionar kroner i året.

Norsk Tipping meiner at spela ikkje vil føre til fleire speleavhengige og speleproblem. Spela skal utformast slik at dei fører til minst mogleg uønskt speleåtferd og blir overvaka, ifølgje Norsk Tipping.

– Dette er innanfor det mandatet som Kulturdepartementet har gitt oss, seier Almlid.

Lotteritilsynet opplyser at dei ikkje har innvendingar mot planane til Norsk Tipping.

This post was written by

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *